Treaken si historie

Vi i Ekta Gødt er glade i å formidle det lokale og særprega, og stolte over å kunne tilby den tradisjonsrike fjellkaramellen treak, som frå gamalt av vart til på gardar og stølar i områda kring Jotunheimen. For mange vekkjer treak framleis minner om barføtte sumrar og briskekledde vidder. Om bestemødrer som lindra såre halsar med ein treakbete i varm mjølk, eller baud han fram til kaffien. Treak vart ofte seld av kramkarar på fesjå og marknader, og var ofte å finne i landhandlarens skuff.

Treaken sine røter strekk seg langt, heilt attende til Keisar Nero sin livlege. Andromachus frå Kreta, som han vart kalla, var opphavsmann til medisinen Theriachi Andromachi. Middelet besto av seksti råemner som skulle kurere stort og smått av sjukdomar. I over femten hundre år hadde det ei eineståande rolle som universalmiddel. 'Teriak', på folkemunne, romma ei mengde plantedroger, orientalsk krydder, balsamer og dyredroger som øgle og ormekjøt. Ormekjøtet sto høgt i kurs som afrodisiakum, og vart henta inn av jegerar frå eigne laug. Den beste teriaken kom frå Venezia og Nürnberg, vart det sagt. I middelalderen skulle tilverkinga skje i nærver av byens magistrat, borgarmeister og lege, som skulle sjå til at ingrediensane var ekte, for forfalskingar vart ofte seld omkring i Europa av omreisande kramkarar.

Her til lands vart teriak brukt i kampen mot pesten, kan ein lese i bøkene om Kristin Lavransdatter: På Reinskloster måtte nonnene ty til einerbær når dei gjekk tomme for kalmusrot. Einerbæret, kjend for å ha helsebringande eigenskapar, vart etter kvart ein naturleg ingrediens i teriaken, som var vanleg å finne på apotek i Noreg og resten av Europa. Frå 1876, då det vart forbode å tilsette opium, minka den medisinske bruken av teriak, heilt til den så å seie opphøyrde omkring hundreårsskiftet.

Men historia sluttar ikkje der. Langt inne i Noregs dalar, hovudsakleg i Valdres, Hallingdal og Gudbrandsdalen, var teriak blitt til treak på folkemunne, og ingrediensane var langt mindre skumle. Fjellviddene var fulle av einerbær som vart sanka og kokt til ein låg - saft - før ein tilsette fløyte og gjerne brunt sukker for å gjere treaken søt. Gjennom åra hadde den gamle, greske medisinen forvandla seg til ein populær, norsk godsak med karamelliknande konsistens. For mange det fyrste godteriet dei smakte i livet.